Søn
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Sør-søraust 0.8 m/s 
Trykk: 1016.8
Dato: 17.11.2019
-5°
Man
Snø
Nedbør: 4.3 mm
Vind: Flau vind fra Sør 0.7 m/s 
Trykk: 1019.5
Dato: 18.11.2019
-4°
Tirs
Kraftig snø
Nedbør: 7.4 mm
Vind: Flau vind fra Nord-nordvest 0.6 m/s 
Trykk: 1008.5
Dato: 19.11.2019
Ons
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Søraust 0.9 m/s 
Trykk: 1021.1
Dato: 20.11.2019
-2°
Tor
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Søraust 0.8 m/s 
Trykk: 1025.5
Dato: 21.11.2019
-5°
Tynset StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Tynset

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Arbeidets Rett
Finn Tynset
Jobb Tynset
Leie Tynset
NRK Hedmark og Oppland
Torget Tynset
Tynset Kommune

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Var i kontakt med politietNRK Sogn og Fjordane
Mannen som er sikta for drap i Florø var i kontakt med politiet natta før drapet, skriv VG. Han vart i dag varetektsfengsla i fire veker. Politiet har enno ikkje fått avhøyrt mannen. Han er innlagd på sjukehuset i Førde.
2019-11-17 20:30:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt over SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet vert stengd i natt, melder Statens vegvesen. Dei stengjer vegen mellom klokka 20 og klokka 8 i morgon tidleg.
2019-11-17 19:24:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klarte ikkje opprykkNRK Sogn og Fjordane
Stryn-kvinnene gjekk akkurat glipp av opprykk til 2. divisjon i fotball. Det einaste dei måtte unngå var firemålstap eller verre, men dei tapte 6?2 mot Sandnes-laget Lura i dag. Det siste målet skåra Lura på overtid, skriv Fjordingen.
2019-11-17 18:56:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-kvinnene vannNRK Sogn og Fjordane
Førde sitt kvinnelag i handball vann 24?23 heime mot Ålgård i 1. divisjon i dag. Det vart ein svært tett kamp, men med 21 sekund att på klokka, så skåra Alexandra Baesu vinnarmålet. Dei ligg dermed på 9.-plass på tabellen.
2019-11-17 15:53:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Drapssikta fengsla i fire vekerNRK Sogn og Fjordane
Mannen som er sikta for å ha drept ei 51 år gamal kvinne med kniv i Florø fredag, er varetektsfengsla i fire veker. Det har Sogn og Fjordane tingrett bestemt. 27-åringen får også brev- og besøksforbod for heile perioden, stadfestar politiadvokat Eli Valheim ovanfor NRK.
2019-11-17 15:08:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Legg vekk narkoaksjon på skuleNRK Sogn og Fjordane
Spesialeininga for politisaker legg vekk klagen frå elevorganisasjonen etter narkoaksjonen på Flora vidaregåande skule i fjor. Det melder Bergensavisen. Saka engasjerte veldig. Spesialeininga meiner politiet hadde heimel for å gjennomføre aksjonen slik den var skildra i ordren, og legg den vekk som «intet straffbart forhold anses bevist».
2019-11-17 13:30:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bidrog sterkt til sigerNRK Sogn og Fjordane
June Andenæs sette inn fem mål og bidrog med sterkt forsvarsarbeid då Vipers Kristiansand i går vann 34-28 over Podravka Vegeta i meisterligaen. Med andreplass i gruppespelet, tek Vipers med seg fem poeng inn i hovudrunda som blir spelt etter jul.
2019-11-17 13:13:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet er opnaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er opna for trafikk. Fjellovergangen. Den høgste fjellovergangen i Nord-Europa har vore stengd sidan laurdag ettermiddag på grunn av uvêr.
2019-11-17 08:31:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna målkontoen «down under»NRK Sogn og Fjordane
Kristian Fardal Opseth scora sitt første obligatoriske mål i Australia då Adelaide United slo Central Coast Mariners i går. Kaupingen fastsette sluttresultatet til 3-1 like før pause. Med tre sigrar på rad, har Adelaide klatra til 5. plass på tabellen.
2019-11-17 08:27:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sladda vekk førarkortetNRK Sogn og Fjordane
Ein fersk bilførar vart i natt teken på fersken medan han sladda på Nordfjordeid. Politiet vart vitne til hendinga, og tenåringen vart fråteken førarkortet på staden og blir meld for brot på trafikklova.
2019-11-17 08:16:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for FørdeNRK Sogn og Fjordane
Herrelaget til Førde volleyballklubb tapte i dag mot TIF Viking. Kampen blei spelt i Bergen og enda 3?1. Førde ligg på 2. plass på tabellen med 16 poeng etter sju kampar.
2019-11-16 19:52:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skåra for NoregNRK Sogn og Fjordane
Mathias Sundberg frå Sogndal skåra 1?0-målet då G17-laget til Noreg møtte England. Kampen blei spelt i Spania og enda 4?4. Også Thomas Hallstensen frå Florø spelte. ? Dei kan vere nøgde med innsatsen mot eit godt engelsk mannskap, seier Jon Navarsete. Neste kamp er mot Russland måndag.
2019-11-16 18:05:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-damene parkerte VikingNRK Sogn og Fjordane
Førde sine volleyballdamer tok laurdag sin andre siger for sesongen mot Viking. Martine Viken sytte for 19 av Førde sine poeng i kampen som enda 3-1 (25-21, 13-25, 20-25 og 23-25). Sunnfjordingane er førebels nummer seks av ni lag i eliteserien.
2019-11-16 16:55:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellsvegen stengdNRK Sogn og Fjordane
Uvêr stengjer no fylkesveg 55 over Sognefjellet. Ifølgje Vegtrafikksentralen vil det bli gjort ny vurdering i morgon klokka 09.00.
2019-11-16 16:25:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Julia sterkast i NordenNRK Sogn og Fjordane
Julia Jordanger frå Breimsbygda IL vart laurdag Nordisk meister i vektløfting for ungdom. Med 149 kg samanlagt vann ho med god margin under stemnet i Sverige. Glopparen skal i desember delta under ungdoms-EM i Israel. Nordisk-debutantane Kristen Røyseth og Henrik Reiakvam (begge 15) frå Tambarskjelvar IL i Naustdal tok høvers vis sølv og bronse i klarre 73 kg.
2019-11-16 15:42:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Promillemistanke i SognNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar er mistenkt for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Det var Utrykkingspolitiet som stogga vedkomande under ein promillekontroll i Trolladalen i Sogndal. Politiet opplyser på Twitter at førarkortet vart beslaglagt på staden.
2019-11-16 12:34:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kallar inn til pressebriefNRK Sogn og Fjordane
Vest politidistrikt orienterer pressa om drapet i Florø klokka 1330. Det er påtaleansvarleg Eli Valheim og politifagleg etterforskingsleiar Steinar Flaktveit som møter, for å gi siste nytt i saka.
2019-11-16 12:08:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kommune braut anbodsreglarNRK Sogn og Fjordane
Fjaler kommune braut reglane for offentleg anskaffing då dei gav ein lokal entreprenør, og ikkje Harald Kapstad i Førde, eit byggjeprosjekt ved Fjalerhallen. Det skriv Firda. Klagenemnda for offentlege anskaffingar konkluderer med at kommunen mellom anna gav motstridande opplysningar i konkurransen.
2019-11-16 09:33:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje innstilt i SolundNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Haldorsneset-Daløy i Solund er mellombels innstilt på grunn av tekniske problem. Fjord1 opplyser at det i staden blir nytta passasjerbåt for persontrafikk.
2019-11-15 21:19:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mangla vinterdekk på hengarNRK Sogn og Fjordane
Ein norsk yrkessjåfør må betale 8.000 kroner etter at han magla fire vinterdekk på tilhengaren sin. I tillegg fekk ein norsk bil køyreforbod og måtte på verkstad på grunn av feil på ABS-bremsesystemet. I alt vanka det reaksjonar mot åtte førarar under kontrollen på Nordfjordeid.
2019-11-15 20:43:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Riksveg 52 stengd i 30-40 timarNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 52 blir frå midnatt stengd i 30-40 timar ved Robru, mellom Gol og Hemsedal. Statens vegvesen opplyser at eit vogntog skal bergast. Det blir lokal omkøyring for personbilar, men køyretøy over 7,5 tonn må velge andre ruter.
2019-11-15 20:28:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hovland såg storsiger frå benkenNRK Sogn og Fjordane
Even Hovland var unytta reserve då Noreg sine landslagsherrar i fotball leika seg til 4-0 over Færøyane. Kampen var den nest siste i kvalifiseringa til neste års EM.
2019-11-15 20:01:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen. Programleiar er Tale Hauso.
2019-11-15 18:45:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde bil etter to flasker spritNRK Sogn og Fjordane
Tidleg ein juli ettermiddag i år køyrde ei kvinne bil, sjølv om ho hadde drukke to flasker Jägermeister. Etter køyreturen med 2,23 i promille, må kvinna betale 30.000 kroner i bot og klare seg tre år utan førarkort. Fengselsstraff på 30 dagar utsett med to år om ho gjennomfører program mot ruspåverka køyring.
2019-11-15 18:38:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Overtidsdrama i prøve-EMNRK Sogn og Fjordane
Både Eirik Lereng og Sivert Mannsverk fekk tillit frå start for det norske G18-landslaget i fotball mot Tyskland under prøve-EM i dag. Tyskarane tok leiinga, men tre minuttar på overtid sytte Noah Holm for norsk 2-1-siger. Noreg starta meisterskapen med å slå Nord-Irland 3-0.
2019-11-15 17:05:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No er dei i same klubb attNRK Sogn og Fjordane
Fotballtvillingane Stefan og Peter Aase frå Florø blir igjen å finne i same klubb neste sesong. 24-åringane skal begge spele for 3. divisjonsklubben Lysekloster, melder haugenfotball.no. Tvillingane tidlegare representert Florø og Sogndal.
2019-11-15 16:56:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florøværing forlater BTNRK Sogn og Fjordane
Florøværingen Øyulf Hjertenes sluttar som sjefredaktør i Bergens Tidende. Han har jobba i avisa i 16 år, og vore toppsjef dei siste tre åra. Han sluttar for å bli direktør i Schibsted Kyst, samanslutninga av Schibsted-avisene langs kysten. Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen er konstituert som sjefredaktør inntil vidare.
2019-11-15 15:23:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I Årdal får du no kjærleiksgarantiNRK Sogn og Fjordane
Politikarane har bestemt at pleietrengande eldre par skal få dele rom på sjukeheimar eller i omsorgsbustadar. Det skriv Porten.no. No er kjærleiksgarantien eit eige punkt i helse- og omsorgsplanen til kommunen.
2019-11-15 11:21:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordføraropprør i StortingetNRK Sogn og Fjordane
Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) har levert inn skriftleg spørsmål til olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) der ho spør om statsråden kan garantere om vindkraftutbyggjarar får avslag, i område der politikarar og innbyggjarar har sagt nei til planane. Heggø forventar eit klart svar frå statsråden.
2019-11-15 10:50:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil sperra veg i DaleNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil stod på tvers i morgontimane ved Sletteland i Dale. Det blei meldt om lange køar og at det var glatt på staden. Vegen er no open.
2019-11-15 08:45:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil stoppe erstatningsordningaNRK Sogn og Fjordane
Arbeidarpartiet meiner erstatningsordninga som er føreslått for pelsdyrbøndene er så dårleg at bør skrotast. Det seier næringspolitikar Terje Lien Aasland til Nationen. Landbruksminister Olaug Bollestad frå KrF er innan kort tid venta å leggje fram den endelege forskrifta om kompensasjon til pelsdyrbøndene som må avvikle drifta innan 2025.
2019-11-15 07:42:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannvesenet rykte ut til Gulen NRK Sogn og Fjordane
Det var kraftig røykutvikling i eit hus på Kversøyna i Gulen i natt. Det var ein person i huset som kom seg ut og fekk varsla naudetatane. ? Det var truleg kortslutning i varmtvasstanken, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Hordaland, Håkon Myking.
2019-11-15 05:56:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brev mot vindkraft NRK Sogn og Fjordane
Ordførar i Høyanger, Petter Sortland har saman med fem andre ordførarar i fylket sendt ei oppmoding til kommunane som eig vindkraftsselskapet Zephyr om å stoppe utbyggingsplanar. I kampen mot vindkraft håpar han no på gehør frå eigarkommunane.
2019-11-14 21:23:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen 18.50. Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-11-14 18:47:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekniske problem for ferjestrekningNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Anda-Lote har redusert kapasitet grunna tekniske problem. Rute B vert innstilt ut dagen.
2019-11-14 18:06:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal til Sverige NRK Sogn og Fjordane
Sogndal sine fotballjuniorar møter Elfsborg, Esbjerg og Mjøndalen når dei skal forsvare tittelen som skandinaviske meistrar skriv Haugenfotball.no. Dei første to kampane blir spelte i helga, medan den innleiande runda blir avslutta mot Mjøndalen fredag 6. desember.
2019-11-14 15:43:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fri ferdsel etter trøbbel NRK Sogn og Fjordane
Vogntoget som sleit på glatta i Magnhildskaret på fv. 614 er fjerna. Fleire vogntog kom seg ikkje forbi og det danna seg lang kø. Trafikken går no som normalt, melder Statens vegvesen.
2019-11-14 13:57:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte parkere på grunn av lastaNRK Sogn og Fjordane
Under ein trafikkontroll i Førde i går fekk fleire førarar bruksforbod. To førarar sikra ikkje lasta godt nok. På det eine vogntoget stakk fleire jernstenger langt ut.
2019-11-14 13:37:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sju personar vil bli rektorNRK Sogn og Fjordane
Fire kvinner og tre menn vil bli rektor ved Sogndal vidaregåande skule. I første omgang var det to søkjarar til stillinga. Du kan sjå heile søkjarlista her.
2019-11-14 12:39:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire vogntog slit på glattaNRK Sogn og Fjordane
Mellom sju til åtte vogntog slit med å komme seg opp på begge sider av Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen. Politiet melder om at vogntoga står fast på grunn av det glatte føret. Ein strøbil er i området.
2019-11-14 10:01:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har rydda opp etter rasNRK Sogn og Fjordane
Flåmsbana går no som normalt igjen. Trafikken mellom Myrdal og Flåm har vore innstilt sidan måndag på grunn av eit steinras.
2019-11-14 08:48:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil skru opp eigedomsskatten NRK Sogn og Fjordane
Kinn-rådmann Terje Heggheim meiner meir eigedomsskatt er løysinga på den økonomiske krisa i Kinn kommune, skriv Firdaposten. Den nye kommunen vil mangle 78 millionar kroner dei komande åra. Rådmannen vil også bruke pengar frå Havbruksfondet for å få budsjettet til å gå opp.
2019-11-14 08:44:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde lastebil rusaNRK Sogn og Fjordane
Ein sogning i 30-åra er dømd for ei farleg forbikøyring med lastebil og hengar, og i ruspåverka tilstand. Mannen vart stoppa i august i år etter ei forbikøyring på Austlandet. Han må no betale 30.000 kroner i bot, samt klare seg 20 månader utan førarkort.
2019-11-14 07:19:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vant internasjonal prisNRK Sogn og Fjordane
Likørprodusenten FJORDING vann i kveld ein internasjonal pris for beste alkoholhaldige drink. Det var under kåringa «World Beverage Innovation Awards» i Nürnberg at eigar Øyvind Løkling og FJORDING stakk av med prisen. Kremlikøren vert produsert på Sandane.
2019-11-13 21:51:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skuffa over regjeringaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland er skuffa over det han kallar «nesten» eit kontraktbrot, skriv Bergens Tidende. Han meiner dei ikkje har fått sjå nok av arbeidsplassane regjeringa lova skulle flyttast frå Oslo til regionane i samband med regionreforma.
2019-11-13 20:34:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i Eid NRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt i fjellveggen på riksveg 15 like etter tunnelen på Haus i Eid. Personen er ute av bilen og er oppegåande. Det er meldt om glatt vegbane på staden.
2019-11-13 18:27:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil utfor vegenNRK Sogn og Fjordane
På fylkesveg 614 har ein lastebil køyrt av vegen, melder politiet. Det skal ha skjedd i krysset til Norddalsfjord. Det skal vere mogleg å passere for personbilar, men det er glatt på staden. Førar av lastebilen skal ikkje vere skadd.
2019-11-13 16:48:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar i morgonNRK Sogn og Fjordane
Flåmsbana er venta å opne att i morgon tidleg, opplyser Bane Nor til NRK. Togbana, som går mellom Flåm og Myrdal stasjon, har vore stengd i går og i dag etter at steinar rasa ned på spora i går føremiddag.
2019-11-13 15:57:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nok eit skilt er borte NRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane-skiltet ved fylkesgrensa på Maurstadeidet er nok ein gong borte, skriv Fjordenes Tidende. Det har nærast vore ei trend å stele skilt i samband med kommune- og fylkessamanslåingane som trer i kraft i januar. Også i juni stal nokon skiltet frå same stad.
2019-11-13 15:17:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope over SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er opna for fri ferdsel etter uvêr.
2019-11-13 13:27:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sunnfjord kan få kvit ambulanseNRK Sogn og Fjordane
Helse Førde meiner det kan vere grunnlag for å ha ein kvit ambulanse i Sunnfjord. Kvite ambulansar handterer planlagde transportoppdrag, men ikkje akuttoppdrag.
2019-11-13 11:34:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal sende ned undervassbåtNRK Sogn og Fjordane
Politiet opplyser at det blir sendt ned ein undervassbåt i Jølstravatnet i dag, for å undersøke sikta i vatnet og forholda på botnen. Denne veka starta arbeidet med å heve bilen som blei teken av eit ras i sommar.
2019-11-13 11:17:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avviser krav frå fysioterapeutNRK Sogn og Fjordane
Fysioterapeut Bertel Rune Kaale får ikkje innfridd kravet om at driftstilskotet frå kommunen skal aukast med 200 prosent. Dette vedtok helse- og omsorgsutvalet i Gloppen med fem mot to røyster i dag. Kaale sitt krav ville ha kosta kommunen nær 900.000.
2019-11-13 10:54:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Statens vegvesen med åtvaringNRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet åtvarar om at regn framleis kan fryse på bakken over heile Vestlandet i føremiddag. Glatte vegar kom brått på fleire bilistar i morgontimane i dag.
2019-11-13 10:21:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte stenge tunnel på E39NRK Sogn og Fjordane
Bogstunnelen på E39 mellom Lavik og Vadheim var stengt, men er no open att. Det var mykje stein og is i vegbana, melder Statens vegvesen.
2019-11-13 09:38:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis stengt på SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Sognefjellet er stengt på grunn uvêr. Fjellovergangen har vore stengt sidan i går. Det blir tatt ei ny vurdering om vegen kan opne kl. 14, melder Statens vegvesen.
2019-11-13 07:32:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

NHO vil kutte i cruisetrafikkenNRK Sogn og Fjordane
Cruiseturistar legg igjen minst pengar på land i Noreg og slepp ut mest CO?. Det kjem fram i ein ny rapport som er laga for NHO Reiseliv. No vil NHO gjere kraftige kutt i cruisetrafikken i norske fjordar, ifølge Dagens Næringsliv.
2019-11-13 07:15:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber bilistar vere obs i dagNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen ber bilistar om å vere obs i dag. Vekslande vêr gjer at mange vegar er glatte. Alle entreprenørar er ute og saltar og strør, og bilistar bør vere obs og tilpasse farten etter forholda.
2019-11-13 06:15:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Traktor av vegenNRK Sogn og Fjordane
Like etter klokka fire i natt fekk politiet melding om ein traktor som hadde sklidd av vegen og ned i grøft i Bygstad i Gaular. Føraren, ein mann i 30-åra, opplyste til politiet at han var litt forslått men elles uskadd. Han opplyste også at det var glatt vegbane. Det er meldt om litt lekkasje av diesel, og bergingsbil er rekvirert.
2019-11-13 05:42:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sunnfjord sa ja til driftskonsesjonNRK Sogn og Fjordane
Med knappast mogeleg margin, 23?22, sa Sunnfjord kommunestyre i kveld ja til å gi Nordic Rutile driftskonsesjon for gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal. Samstundes sa fleirtalet at dei ikkje vil ha fjorddeponi av gruveslam. Det er Direktoratet for mineralforvaltning som tek endeleg avgjerd i saka.
2019-11-12 23:23:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet er ope igjen NRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 på Vikafjellet mellom Vinje og Vik i Sogn er no ope igjen for ferdsel. Vegen var tidlegare stengt i nokre timar grunna bilberging av eit vogntog.
2019-11-12 21:23:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Aksepterte bot etter vogntogulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein svensk yrkessjåfør har akseptert 8000 kroner i bot etter massekollisjonen på riksveg 5 i Jølster i mars i år. Svensken mista kontroll på vogntoget og fekk sleng på hengaren då han kom ut frå Fjærlandstunnelen. Ein person vart skadd i ulukka.
2019-11-12 21:16:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen NRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen 18.50 i opptak. Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-11-12 18:41:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på Vikafjellet NRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 på Vikafjellet mellom Vinje og Vik i Sogn er midlertidig stengt etter at eit vogntog køyrde ut av vegen. Det er ikkje meldt om personskadar, og bilbergar er på veg. ? Det vil gå nokre timar før dei kan opne igjen, seier Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen.
2019-11-12 17:48:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannvesenet visste ingenting NRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet vart ikkje varsla då ein mindre båt grunnstøytte og sokk i nærleiken av Stabben fyr i Florø i slutten av oktober, skriv Firdaposten. Brannsjef Robert Endestad peikar på at brannvesenet har eit ansvar for å rydde opp og hindre ureining ved slike havari.
2019-11-12 15:52:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bensinkøar på EidNRK Sogn og Fjordane
Ein tilbodskampanje på bensin i samband med opninga av ein ny bensinstasjon, har ført til køar på Nordfjordeid i dag, skriv Fjordabladet. 11,90 per liter har prisen lege på.
2019-11-12 13:59:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tvangssal av Tørvis hotellNRK Sogn og Fjordane
Tørvis hotell i Luster blir forsøkt selt på vegner av kreditorar, skriv Sogn Avis. Hotellet ligg ute med ein verditakst på 13 millionar kroner.
2019-11-12 13:46:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får millionstøtteNRK Sogn og Fjordane
Njøs Næringsutvikling i Leikanger får 3 millionar kroner til eit senter for frukt og bær, skriv Sogn Avis. Pengane får dei over statsbudsjettet for 2020.
2019-11-12 12:31:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

RekordbesøkNRK Sogn og Fjordane
Borgund stavkyrkje har hatt rekordbesøk denne sesongen, skriv Sogn Avis. 56.000 har teke turen. ? Men skulle det bli fleire, må me ha fleire folk som guidar i kyrkja, seier Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved stavkyrkja til avisa.
2019-11-12 11:21:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet stengtNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengd grunna uvêr, melder Statens vegvesen. Det vil ikkje bli opna for ferdsel i dag.
2019-11-12 09:33:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen opna igjen etter rasNRK Sogn og Fjordane
Ryddingsarbeidet er ferdig og vegen er no opna igjen etter det gjekk eit steinras mellom Ortnevik og Bjordal på Høyanger sørside. Det melder Statens vegvesen.
2019-11-12 09:03:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ras på Høyanger sørsideNRK Sogn og Fjordane
Det har gått eit steinras mellom Ortnevik og Bjordal på Høyanger sørside. Det melder vegtrafikksentralen. Raset har gått på fylkesveg 92 kring ein kilometer frå Ortnevik. Det ligg nokre steinar i vegen, men det skal vere mogleg å passere for personbilar og vegvesenet er på veg ut for å rydde vegen.
2019-11-12 07:50:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

MDG-bil stolen, så funnenNRK Sogn og Fjordane
Odd Bovim (MDG) sin elbil vart i dag stolen i Florø, men politiet melder litt over klokka 21.00 at dei har funne bilen og teke inn ein person i samband med tjuveriet.
2019-11-11 21:49:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Risiko med klimavenlege båtarNRK Sogn og Fjordane
Det er knytt økonomisk risiko til klimavenlege båtar, skriv Bergens Tidende. Difor går fylkesrådmannen i Vestland inn for to anbodsløp fram til 2024, inkludert eit løp for kontraktar utan miljøkrav. Sogn og Fjordane har tidlegare hatt som mål å ha klimavenlege båtar i drift innan mai 2022.
2019-11-11 21:41:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen NRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen 20.55 i opptak. Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-11-11 21:07:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann blussa opp attNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet har rykka ut til eit hus i Selje etter at brann har blussa opp att, skriv Fjordenes Tidende. Til NRK opplyser Alarmsentralen at dei har kontroll på flammane. Det brann i huset natt til måndag, og to personar måtte redde seg ut.
2019-11-11 20:13:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pilotprosjekt i HøyangerNRK Sogn og Fjordane
Hydro Høyanger vil starte eit pilotprosjekt i Fundo-bygget, skriv Porten.no. Der vil dei nytte det gamle utstyret, som blei brukt i felgproduksjon, til å bruke om att meir av metallet. Metallverket ventar på godkjenning frå Miljødirektoratet.
2019-11-11 20:00:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen 18.40 i opptak. Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-11-11 19:08:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny regionrådsleiarNRK Sogn og Fjordane
Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, er vald til ny leiar i Sogn regionråd: ? Me vil ha ein meir offensiv strategi, seier han til Sogn Avis.
2019-11-11 18:16:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

UtforkøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt utfor vegen på riksveg 52 ved Holesvingane i Lærdal. Politiet melder at berre ein bil er involvert, og at ein førar har vore åleine i bilen. Personen er medviten, men har smertar. Luftambulansen er på veg, og vegen vert stengd i samband med det.
2019-11-11 17:43:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for truslarNRK Sogn og Fjordane
Ein mann frå Sunnfjord er dømd for truslar mot ein journalist i Bergens Tidende. Mannen får ei bot på 18.000 kroner, alternativt fengsel i 36 dagar. Han nekta straffskuld då rettssaka mot han starta.
2019-11-11 16:45:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rognsø blir Førde-trenarNRK Sogn og Fjordane
Terje Rognsø frå Florø blir ny trenar for A-laget til Førde fotball, skriv avisa Firda. Han har tidlegare vore trenar for Florø. Han var også dagleg leiar i Sogndal fotball, men slutta i protest då styret ikkje ville vere med på snuoperasjonen han føreslo.
2019-11-11 13:15:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil flytte kvalifiseringskampenNRK Sogn og Fjordane
Sogndal vil flytte datoen for kvalifiseringskampen mot Kongsvinger. Det skriv Sogn Avis. Med fleire spelarar på landslagoppdrag, meiner Sogndal-trenar Eirik Bakke at det er heilt hol i hovudet å ha kvalifiseringspel i landslagspausen. Fleire spelarar er også skadde, noko som gjer at Sogndal vil slite med å stille lag.
2019-11-11 10:15:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pressestøtte utan resultatNRK Sogn og Fjordane
Pressestøtte til lokalaviser har ikkje ført til betre rapportering om lokalpolitikk. Det viser ein ny studie frå Nordicom ved Universitetet i Gøteborg. Det kjem fram at det fyrst og fremst er størrelsen på redaksjonen som er avgjerande for kor mykje av lokalpolitikken som blir skrive om.
2019-11-11 08:52:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannbil i grøftaNRK Sogn og Fjordane
Ein brannbil har køyrd ut av vegen og hamna i grøfta på Almenningsfjellet på riksveg 15 i Vågsøy. Det melder Fjordenes Tidende. Det blir meldt om lange køar på staden. Det skal ikkje ha vore ein bil som var under uttrykkning.
2019-11-11 08:04:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppussing av skule må venteNRK Sogn og Fjordane
Elevane på Sande skule i Gaular må truleg halde ut med asbest i taket og maur i veggane i nokre år til. Nybygg eller rehabilitering av skulen er føreslått utsett i nye Sunnfjord kommune sin første investeringsplan, skriv Firda. Pengane kjem, men mesteparten blir ikkje tilgjengeleg før i 2023.
2019-11-11 07:16:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kontroll på husbrann i NordfjordNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet har kontroll på brannen i eit overtent hus i Selje. Alle personar er ute av huset. Ein person skal ha fått i seg røyk.
2019-11-11 02:02:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i hus i SeljeNRK Sogn og Fjordane
Begge bebuarane kom seg ut da det byrja å brenne i eit bustadhus i Selje like før midnatt. Huset er overtent, melder politiet på Twitter.
2019-11-11 01:10:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hentar opp bil frå JølstravatnetNRK Sogn og Fjordane
Arbeidet med å heve bilen som blei teken av eit ras i Jølster i Sogn og Fjordane 30. juli startar måndag. Ein mann i 50-åra frå Jølster omkom i raset som gjekk over fylkesveg 451. Bilen er funnen på 170 meters djup, 660 meter ute i Jølstravatnet.
2019-11-10 20:29:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lagsølv til ØygardNRK Sogn og Fjordane
Det enda med 2.-plass og sølv for Eivind Øygård og det norske laget under nordisk meisterskap i terrengløp i finske Vierumäki i dag.
2019-11-10 19:06:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stortap for Førde-dameneNRK Sogn og Fjordane
Det enda med stortap for handball-damene til Førde som i dag spelte borte mot Volda. Sluttresultatet vart 32?21 til heimelaget. 17. november møter dei Ålgård på heimebane i Førdehuset.
2019-11-10 19:01:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uavgjort for FlorøNRK Sogn og Fjordane
Handballherrane til Florø spelte i dag uavgjort heime mot Sotra 2. Resultatet vart til slutt 20-20, og Florø ligg no på sjetteplass på tabellen i 3. divisjon.
2019-11-10 18:30:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politisk nestleiar NRK Sogn og Fjordane
Eli Berge Ness frå Viksdalen vart i helga vald som politisk nestleiar i sentralstyret i Norsk Bonde og Småbrukarlag. Kjersti Hoff frå Løten i Hedemark vart attvald som leiar. Sander Solheim frå Steinhovden står på varalista.
2019-11-10 18:09:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stryn vann 3?2 over LoddefjordNRK Sogn og Fjordane
Damelaget til Stryn vann i ettermiddag 3?2 over Loddefjord i fotball. Neste helg møter dei Lura i andre kvalifiseringsrunden. Vinn dei også den kampen, eller i alle fall ikkje taper med meir enn tre mål er dei sikra opprykk til 2. divisjon.
2019-11-10 16:54:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-damene til semifinaleNRK Sogn og Fjordane
Damelaget til Førde Volleyballklubb gjorde som herrane i går, og spelte seg til semifinale i NM-cupen etter 3?0 heime mot NTNUI Volleyball. Kvartfinalen vart spelt i Gaularhallen.
2019-11-10 14:30:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre VM-medaljar til FørdeNRK Sogn og Fjordane
Førde Kettlebell Club fekk med seg heim tre medaljar frå VM i kettlebell i Serbia, skriv klubben på Facebooksida si. Thea Erle og Trine Ryland tok gull i sine klassar medan Linnea Kårstad fekk med seg ein bronsemedalje. Elles vart det også sterke plasseringar på Reidun Fatnes (4.-plass) og Mona Brede Aase (7.-plass).
2019-11-10 13:40:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opseth fekk spele mot BrisbaneNRK Sogn og Fjordane
Tidlegare Sogndal-spelar og Tyrkia-proff Kristian Fardal Opseth fekk spele dei 27 siste minutta då laget hans, den australske klubben Adelaide United, slo Brisbane Roar 1?0 på heimebane i føremiddag. Målet derimot stod lagkameraten Riley McGree for.
2019-11-10 12:14:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale meir eigedomsskattNRK Sogn og Fjordane
Førdefolk vil sjå eigedomsskatten stige med 12 prosent neste år. I Naustdal og Jølster vil om lag ein fjerdedel av skatten forsvinne, skriv Firda. Det er blant konsekvensane når skattenivået i dei fire kommunane som vert Sunnfjord skal utjamnast.
2019-11-10 08:56:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Laga årets nyheitssakNRK Sogn og Fjordane
NRK-journalist Asgeir Heimdal Reksnes fekk laurdag kveld Sogn og Fjordane Journalistlag sin pressepris for årets nyheitssak. Reksnes fekk prisen for ei sak om at staten brukar 3,7 milliardar kroner på rassikring av vegar til bygder der det til saman bur knapt 600 innbyggjarar.
2019-11-10 08:51:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har funne erstattaren hansNRK Sogn og Fjordane
Sogndal har funne erstattaren til målmann Mathias Dyngeland når han no set kursen for svenske toppklubben Elfsborg, skriv Sogn Avis. Erstattaren hans i Sogndal-buret vert nederlandske Renze Fij (27) som vert henta frå Nest-Sotra.
2019-11-10 08:40:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tynset StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.